
Trapper
Trapper tilpassa prosjektbehov og funksjon, med gode løysingar for levering og montering. Ta kontakt for alternativ og omfang.
Skal vi ta ein prat?
Vi leverer trapper tilpassa prosjektbehov, funksjon og plassering. Ei god trappeløysing skal fungere i bruk, passe inn i bygget og vere praktisk å gjennomføre. Vi hjelper gjerne til med vurderingar tidleg i prosessen, slik at løysinga blir tilpassa både prosjektet og dei tekniske rammene rundt.
Trapper kan vere ein viktig del av både uttrykket og funksjonen i eit bygg, og vi legg vekt på å levere løysingar som er solide, gjennomtenkte og godt tilpassa montering og vidare bruk. Vi kan bidra med avklaringar kring utforming, mål og leveranseomfang, og jobbar for ei ryddig gjennomføring frå start til slutt.
Har du spørsmål eller ønsker befaring?
Kvifor samarbeide med oss?
Prosjektering og rådgjeving
Vi bidreg med prosjektering og rådgjeving tidleg i prosessen, slik at løysinga blir rett dimensjonert og praktisk å gjennomføre. God avklaring av krav, grensesnitt og detaljar gir betre flyt på byggeplass og færre overraskingar.
Erfaring og kompetanse
Vi er 15 medarbeidarar, der 11 har fagbrev og 3 er utdanna fagskuleingeniørar. Det gir oss ei solid fagleg breidde og kapasitet til å levere ryddige løysingar, frå avklaring og planlegging til gjennomføring og montering i prosjekt.
Sentral godjenning
Vi har sentral godkjenning, som stadfestar at vi har dokumentert kompetanse, erfaring og system for arbeidet vi utfører for byggebransjen. Det gir tryggleik for ei ryddig og profesjonell gjennomføring.
Flexit proff- og servicepartner
Vi er Flexit proffpartner og servicefirma, og kan bistå med oppfølging, service og drift knytt til Flexit-løysingar. Ta kontakt dersom du ønskjer hjelp til service, vedlikehald eller avklaringar i prosjekt.
Systemair servicepartner
Vi er servicepartner for Systemair og tilbyr service og oppfølging knytt til Systemair sine løysingar. Det gir ein effektiv veg til fagleg støtte og gjennomføring når anlegg skal driftast, vedlikehaldast eller følgjast opp.
Miljøfyrtårnsertifisert
Vi jobbar systematisk og dokumentert med miljøforbetring i verksemda, og at miljøleiinga vår er tredjepartssertifisert.