Solskjerming

Vi leverer og monterer solskjerming til ulike bygg og bruksområde. Solskjerming handlar både om komfort, funksjon og energieffektiv drift. Vi hjelper med å finne ei løysing som passar prosjektet.

Skal vi ta ein prat?

Vi leverer og monterer solskjerming til ulike bygg og fasadar. God solskjerming bidreg til betre kontroll på lysforhold, temperatur og komfort, og kan vere ein viktig del av den daglege funksjonen i bygget. Vi hjelper med å finne løysingar som passar både bygget, bruken og dei praktiske forholda i prosjektet.

Vi legg vekt på enkel og effektiv gjennomføring, og bistår gjerne med avklaringar kring plassering, behov og leveranse tidleg i prosessen. For både bustader, næringsbygg og institusjonar handlar det om å finne ei løysing som er funksjonell, varig og tilpassa bygget sin kvardag.

Har du spørsmål eller ønsker befaring?

Kvifor samarbeide med oss?

Prosjektering og rådgjeving

Vi bidreg med prosjektering og rådgjeving tidleg i prosessen, slik at løysinga blir rett dimensjonert og praktisk å gjennomføre. God avklaring av krav, grensesnitt og detaljar gir betre flyt på byggeplass og færre overraskingar.

Erfaring og kompetanse

Vi er 15 medarbeidarar, der 11 har fagbrev og 3 er utdanna fagskuleingeniørar. Det gir oss ei solid fagleg breidde og kapasitet til å levere ryddige løysingar, frå avklaring og planlegging til gjennomføring og montering i prosjekt.

Sentral godjenning

Vi har sentral godkjenning, som stadfestar at vi har dokumentert kompetanse, erfaring og system for arbeidet vi utfører for byggebransjen. Det gir tryggleik for ei ryddig og profesjonell gjennomføring.

Flexit proff- og servicepartner

Vi er Flexit proffpartner og servicefirma, og kan bistå med oppfølging, service og drift knytt til Flexit-løysingar. Ta kontakt dersom du ønskjer hjelp til service, vedlikehald eller avklaringar i prosjekt.

Systemair servicepartner

Vi er servicepartner for Systemair og tilbyr service og oppfølging knytt til Systemair sine løysingar. Det gir ein effektiv veg til fagleg støtte og gjennomføring når anlegg skal driftast, vedlikehaldast eller følgjast opp.

Miljøfyrtårnsertifisert

Vi jobbar systematisk og dokumentert med miljøforbetring i verksemda, og at miljøleiinga vår er tredjepartssertifisert.