Bustadventilasjon

Vi monterer, prosjekterer og servar ventilasjonsanlegg i bustader. Løysingar frå Flexit og Systemair, tilpassa bustaden og dokumentert innregulert.

Skal vi ta ein prat?

Førde Metallprodukt leverer, monterer og prosjekterer ventilasjonsanlegg til bustader. Vi tek både installasjon i nybygg og oppgradering av eksisterande bustader, med løysingar frå Flexit og Systemair.

Kvifor balansert ventilasjon

Eit balansert anlegg med varmegjenvinning gir kontinuerleg tilførsel av frisk, filtrert luft til opphaldsrom og soverom, samtidig som brukt luft blir trekt ut frå bad, vaskerom og kjøkken. Resultatet er betre inneklima, mindre risiko for fukt og mugg, og lågare energiforbruk fordi varmen i avtrekksluifta blir gjenvunnen før ho går ut.

Frå prosjektering til ferdig innregulert anlegg

Vi følgjer heile leveransen. Prosjektering og dimensjonering avgjer at anlegget passar til bustaden, og innreguleringa avgjer om det faktisk leverer luftmengdene det er dimensjonert for. Vi dokumenterer verdiane ved overlevering, slik at du veit kva anlegget yter. Kvar bustad har ulike behov, og vi tilpassar løysinga for god luftkvalitet, lågt støynivå og energieffektiv drift.

Service på eksisterande anlegg

Som Flexit proff- og servicepartner og Systemair servicepartner utfører vi service, filterbyte og feilsøking på eksisterande anlegg. Har du eit anlegg som bråkar, trekker dårleg eller ikkje har vore etterse på fleire år, kan vi ta ein gjennomgang.

Har du spørsmål eller ønsker befaring?

Kvifor samarbeide med oss?

Prosjektering og rådgjeving

Vi bidreg med prosjektering og rådgjeving tidleg i prosessen, slik at løysinga blir rett dimensjonert og praktisk å gjennomføre. God avklaring av krav, grensesnitt og detaljar gir betre flyt på byggeplass og færre overraskingar.

Erfaring og kompetanse

Vi er 15 medarbeidarar, der 11 har fagbrev og 3 er utdanna fagskuleingeniørar. Det gir oss ei solid fagleg breidde og kapasitet til å levere ryddige løysingar, frå avklaring og planlegging til gjennomføring og montering i prosjekt.

Sentral godjenning

Vi har sentral godkjenning, som stadfestar at vi har dokumentert kompetanse, erfaring og system for arbeidet vi utfører for byggebransjen. Det gir tryggleik for ei ryddig og profesjonell gjennomføring.

Flexit proff- og servicepartner

Vi er Flexit proffpartner og servicefirma, og kan bistå med oppfølging, service og drift knytt til Flexit-løysingar. Ta kontakt dersom du ønskjer hjelp til service, vedlikehald eller avklaringar i prosjekt.

Systemair servicepartner

Vi er servicepartner for Systemair og tilbyr service og oppfølging knytt til Systemair sine løysingar. Det gir ein effektiv veg til fagleg støtte og gjennomføring når anlegg skal driftast, vedlikehaldast eller følgjast opp.

Miljøfyrtårnsertifisert

Vi jobbar systematisk og dokumentert med miljøforbetring i verksemda, og at miljøleiinga vår er tredjepartssertifisert.