
Beslag- og verkstadproduksjon
Med eigen verkstad på Øyrane produserer vi beslag og komponentar tilpassa prosjektet. Det gir fleksibilitet, kortare veg frå bestilling til levering og god kontroll på kvalitet. Vi hjelper gjerne med å avklare behov og detaljar tidleg i prosessen.
Skal vi ta ein prat?
Med eigen verkstad produserer vi beslag og komponentar som blir tilpassa det enkelte prosjektet. Det gir oss fleksibilitet i gjennomføringa og god kontroll på både kvalitet, detaljar og leveringstid. Ved å ha produksjonen tett på det praktiske arbeidet kan vi raskt gjere nødvendige tilpassingar og sørge for ei meir effektiv leveranse.
Vi leverer beslag og spesialtilpassa komponentar til både små og store prosjekt, anten som ein del av andre leveransar eller som eigne oppdrag. God dialog og nøyaktige avklaringar tidleg i prosessen er viktig for eit godt resultat, og vi legg vekt på å finne praktiske løysingar som fungerer i møte med bygget og resten av prosjektet.
- Parapetbeslag / gesims
- Takhetter
- Pipebeslag
- Persienne- / markisekassar
- Vindusbeslag
- Beslag for glassbyggarstein m.m
- Skottrenner
- Vindskibeslag
- Mønebeslag / sløys
- Plater til kjøkkeninnreiing
- Grøvik takrennesystem
Har du spørsmål eller ønsker befaring?
Kvifor samarbeide med oss?
Prosjektering og rådgjeving
Vi bidreg med prosjektering og rådgjeving tidleg i prosessen, slik at løysinga blir rett dimensjonert og praktisk å gjennomføre. God avklaring av krav, grensesnitt og detaljar gir betre flyt på byggeplass og færre overraskingar.
Erfaring og kompetanse
Vi er 15 medarbeidarar, der 11 har fagbrev og 3 er utdanna fagskuleingeniørar. Det gir oss ei solid fagleg breidde og kapasitet til å levere ryddige løysingar, frå avklaring og planlegging til gjennomføring og montering i prosjekt.
Sentral godjenning
Vi har sentral godkjenning, som stadfestar at vi har dokumentert kompetanse, erfaring og system for arbeidet vi utfører for byggebransjen. Det gir tryggleik for ei ryddig og profesjonell gjennomføring.
Flexit proff- og servicepartner
Vi er Flexit proffpartner og servicefirma, og kan bistå med oppfølging, service og drift knytt til Flexit-løysingar. Ta kontakt dersom du ønskjer hjelp til service, vedlikehald eller avklaringar i prosjekt.
Systemair servicepartner
Vi er servicepartner for Systemair og tilbyr service og oppfølging knytt til Systemair sine løysingar. Det gir ein effektiv veg til fagleg støtte og gjennomføring når anlegg skal driftast, vedlikehaldast eller følgjast opp.
Miljøfyrtårnsertifisert
Vi jobbar systematisk og dokumentert med miljøforbetring i verksemda, og at miljøleiinga vår er tredjepartssertifisert.