Vi bygger med eit materiale som er berekraftig, fordi metall har særs lang levetid og det kan resirkulerast mange gonger.
Metall har ei gjennomsnittleg gjenvinningsgrad på 85%.
KVIFOR BYGGE I METALL:
- eit viktig materiale i konstruksjonar og bygg, i tillegg til elektronikk, transport, ventilasjon m.m.
- resirkulerbart – uendelig mange gonger – til nye produkt
- haldbart og motstandsdyktig mot korrosjon
- sterkt med lang levetid
- skadar ikkje miljøet når det er i bruk, med avrenning eller korrosjon
- kan utvinnast med minimal påverknad på miljøet
er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
Industri, innovasjon og infrastruktur
Mål 9. Industri, innovasjon og infrastruktur: Byggje solid infrastruktur og fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon.
Førde Metallprodukt er opptatt av omstilling, og legg vekt på bruken av berekraftig materiale. Ei meir effektiv bruk av ressursane – ved t.d. å bruke resirkulert metall – er ein del av vår arbeidskvardag.
Berekraftige byar og lokalsamfunn
Mål 11. Berekraftige byar og lokalsamfunn: Gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige
Førde Metallprodukt leverer og monterer trygge, robuste og berekraftige bygg. Våre byggemateriale er solide og har lang levetid. På verkstaden vår produserer og monterer vi alt av beslag lokalt.
Ansvarleg forbruk og produksjon
Mål 12. Ansvarleg forbruk og produksjon : Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster
Førde Metallprodukt nyttar ressursane effektivt. Materiala vi brukar har lang levetid og kan gjenbrukast mange gonger – noko som reduserer avfallsmengda.
Vi nyttar leverandører med utarbeidde EPDar på eigenproduserte produkt, som t.d. kanalar, ventiler, spjeld m.m. Dette gjer at vi kuttar ned ventetida og reduserer vegtrafikken/transportavstand. Både vi og produsentene har sterkt fokus på resirkulering og gjenbruk.
I 2023 hadde Førde Metallprodukt ei sorteringsgrad på 84,4%, dvs. kor mange % av avfallet vårt som går til gjenvinning.